Aktuelt

Featured
Noradapt-timen: Bresmelting, tilgang på ferskvatn og risiko for jøkulhlaup

Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når isbrear krympar og korleis det verkar inn på områda og næringane rundt breane, m.a. i form av svingande vassføring i elvar og større fare for jøkulhlaup. Kunnskapen frå prosjektet skal gjere det lettare for lokale styresmakter å tilpasse seg framtidas situasjon.

Dette gjorde Noradapt i 2021

No kan du lese årsmeldinga vår for 2021, som gir eit innblikk i Noradapt sin aktivitet dette året. Mellom anna skipa senteret eit internasjonalt vitskapsråd og etablerte den nye tenesta Norsk klimamonitor.

Klimatilpassing er eit heitt tema i bulgarske byar

Klimaproblema er ganske ulike i Bulgaria og Noreg. Likevel gir det meining å utveksle erfaringar om korleis ein kan løyse dei. I vår har Vestlandsforsking og KS gjennomført to studieturar på Vestlandet med representantar for dei åtte største byane i Bulgaria.

Noradapt-timen: Omstilling til berekraft gjennom FNs berekraftsmål

25. mai møter du Siri Veland frå Norce Samfunn og Aase Kristine Lundberg frå Nordlandsforskning i Noradapt-timen, den månadlege webinarserien til Noradapt. Begge forskar på berekraft i ulike prosjekt, og forskarane tek for seg temaet omstilling til berekraft gjennom FNs berekraftsmål.

Vellykka klimakonferanse

Konferansen #Klimaomstilling2022 i Sogndal vart ein stor suksess. - Tematisk sett traff vi blink med matsikkerheit og energiomstilling, trur Tone Rusdal ved Vestlandsforsking, som hadde ansvar for gjennomføringa.

Tweets av noradapt

Nyaste noradapttime

NTNU institutt for geografi